Meny Søk
1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Fylkestingets traseval for E39 i Nordfjord

    Vestland
    Fylkestingets traseval for E39 i Nordfjord
    Din signatur er mottatt
    Opprettet: 22.04.2013 av Jens Helgheim
    Sluttdato for signering: 22.06.2013
    Vedtaket der Fylkestinget vedtok å stille seg bak E39 i dagens trase vart gjort med knappast mogleg fleirtal og før alle fakta og utgreiingar var komne på bordet. I tillegg har også Arbeiderpartiet og Høgre sine årsmøte gjort årsmøtevedtak på å gå for E39 i indre Nordfjord. På grunnlag av dette meinar eg at det er grunn til å føre saka for Fylkestinget på ny. Frå reglementet til Fylkestinget: § 10 Ny førehaving av saker Når ei sak er avgjort kan ho ikkje takast opp att til ny førehaving i same fylkestingsvalbolken om det ikkje seinare er kome til nye opplysningar eller nye tilhøve som er vesentlege for saka.
    592 av 500 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger

    20 kommentarer:

    Ingrid Aske

    Søndag 19.01.2014
    De må L E S E det som Asle Botn skriv!

    Tom Berestad

    Tirsdag 06.08.2013
    ...og tankane til Asle Botn er beint fram forkastelege, ikkje minst dette med tunnelar og bruer gjennom verdsarvområdet i Geiranger. Ei bru over Norddalsfjorden vil ikkje vere noko anna enn ei gigantisk miljøforureining og vil skjere i auga. Dersom de syns de er så fælt og tungvint å bu på Vestlandet, tykkjer eg at de skal flytta til Austlandet, der er det meste lettvint og innan rekkevidde. Og det er meir fornuftig enn å rasere Vestlandet med bruer overalt! Høyrer du, Asle Botn? Flytt til Austlandet og la oss behalde Vestlandet som det er.

    Tom Berestad

    Tirsdag 06.08.2013
    Alt skal vere så fordømt effektiv, det er dyrt å driva ferje og bla bla. Skjønar de ikkje at det.dreiar seg om mykje meir enn det? Skal vi verte like østlendingane i deira einfaldige reisemåtar? NEI til ferjefri E39.

    Marit Endal Skarstein

    Fredag 03.05.2013
    Indre linje

    Jens Helgheim

    Torsdag 02.05.2013
    500 stemmer er passert, men tar gjerne i mot fleire for å understreke poenget. Som svar til de som lurer på om dette gjeld for veg i indre: Det som er viktig er at Fylkestinget tek stilling til eit traseval som er realistisk og framtidsretta. Det vil seie K6 (Stigedalen) eller K10 (Stryn). Statens Vegvesen tilrår K10 som det mest gunstige både for reisetid og netto nytte. K6 gir også god reduksjon i reisetid, men til ein svært høg kostnad. Det er også eit alternativ gjennom Stigedalen K7 (Det som SNF, Victor Nordman har valgt som best) men dette alternativet er uaktuelt for Volda på grunn av brukryssinga skjer langt inn i Austefjorden slik at reisetida Folkestad-Volda vert svært lang. Både i K6 og K7 konseptet er det nemleg lagt til grunn at ferja Volda-Folkestad skal leggast ned. Det kan vere nyttig å lese KVU’en for Skei-Volda, http://www.vegvesen.no/_attachment/284600/binary/502955?fast_title=KVU-rapport+E39+Skei-%C3%85lesund+%2814MB%29.pdf Kvalitetssikringsrapporten (KS1) er også kjekk, http://www.regjeringen.no/nb/dep/sd/dok/rapporter_planer/rapporter/2012/kvalitetssikring-ks1-e39-skei-v-valsoya.html?id=698978 Helsing Jens.

    Ragnar Skarstein

    Onsdag 01.05.2013
    De som er inne og signérer, hugs også å dele denne sida på Facebook, Twitter, epost og/eller Google + ! Bruk linkane i venstre margen på dette oppropet.

    Jens Helgheim

    Lørdag 27.04.2013
    Eg har i dag forkasta underskrifter fra alle dykk som ikkje er busett i Sogn og Fjordane. Takkar så mykje for støtta sjølv om det berre er underskriftene frå innbyggarar i fylket som tel. E39 traseen vedkjem dykk også, men det tel ikkje på denne sida. Jens

    Inge Jarle Beinnes

    Lørdag 27.04.2013
    Fylkestinget sitt vedtak held fram S'en som alternativ, dersom dei som stemde for det alternativet, verkeleg trur på det, vil det seie ein lang tunnell frå Lote til Skrede, rett aust for utgangen av Breisvor-tunnellen. Det vil seie at trafikk frå vest som skal sørover må heilt opp dit, verdien av fjordkryssing på mitre vert og sterkt redusert for dei som treng den til pendlingsveg mellom Sandane og Eid om dette alternativet skulle fyljast. Eg trur ikkje fylkestingsfleirtalet ynskjer S'en, dei berre vedtok den av taktiske grunnar.

    Kjell Heggen

    Lørdag 27.04.2013
    Dette er sannsynligvis ikke rette plassen. Likevel, de tankene Asle Botn nå har lansert i to innlegg har en felles nevner: Mest mulig vei nord /sør gjennom fylket,men lengst mulig inn i landet,nesten E6. I utgangspunktet var E39 KYSTSTAMVEIEN. Til tross for et vesentlig klarere Fylkestingsvedtak den gang, greide en viss statsråd fra Førde og legge E39 Kyststamveien der den nå ligger. I etterkant har så Stortinget vedtatt at Kvivsveien skal være E39 mellom Nordfjord og Volda. Lite som minner om kyst i denne tracen. Går tross alt gjennom de to kommunene som ikke ser sjøen. Kan ikke se at forholdet blir noe bedre av Botn sine tanker, tvertimot. Legger en til indresogningene sine anstrengelser for tunell under Sognefjellet blir det hele enda værre. Botn legger til grunn at tunell under Utvikfjellet og ny tunell fra Lote til Nor koster det samme. Javel mener Botn at dersom E39 blir lagt over indre så skal det likevel bygges ny tunel til Nor? Bompengegrunnlaget for Bru Lote - Anda er kanskje bedre enn for Svarstad- Frøholm. Men jeg tviler på det. Nord /sør trafikk fra Møre vil i så tilfelle måtte betale bompenger på både Lote /Anda og over Voldafjorden, er det realistisk når Kvivsveien er gratis? Ettter veivesenet sine uttaelser vil nåværende Lotetunell bli stengt dersom det kommer ny tunell til Nor. Trafikk fra ytre vil da måtte kjøre til Nor for å komme sørover. Kjørelengde og kjøretid mellom midtre og indre vil bli marginal.I tillegg vil trafikken fra ytre i stor grad gå over ytre når kystveien blir ferdig.

    Inge Jarle Beinnes

    Lørdag 27.04.2013
    Asle Botn har mange tankar om vegutviklinga på nordvestlandet, mykje av det kan eg godt stille meg bak. Denne saka handlar om at eit knappast mogeleg fleirtal i fylkestinget har gjort eit vedtak om fjordkryssing Anda-Lote, som i neste omgang legg grunnlaget for vidareføring over Stigedalen, som berre 5 av fylkestinget sine medlemmar stemde for, difor støttar eg underskriftsaksjonen og oppmodar andre til å gjere det same.

    Asle Botn

    Fredag 26.04.2013
    Dei raude trådane. På kartet ligg vegane der, nokon litt tjukkare enn andre, og nokon ikkje heilt samanhengande. Dei kostar å bygge, det kostar å vedlikehalde dei, men det kostar mest å la vere. Riksvegar, fylkesvegar, kommunevegar og europavegar, på våre kantar er det ikkje alltid så greitt å vete kva som er kva, serlig når vi køyrer på dei. Det kjem også til tider fram i diskusjonar blant folk, om kvar pengane skal/bør brukast. For å seie det enkelt: Riks og europavegar er statsfinansiert, og med på NTP og statsbudsjettet, fylkesvegane er på fylkesbudsjettet. Som døme er altså E 39 Lote Anda i dag statsfinansiert, mens fylkesveg 60 Byrkjelo Stryn er på fylket sitt budsjett. Med å flytte om på dette blir det omvendt, og fylket må då dekke eventuell subsidiering av ferjedrifta. Bru i indre og midtre kostar omlag det same. Ny Lotetunnel til Nor/Hjelle og ein tunnel frå Innvik og opp til brua kostar også om lag det same. Men eg lurer på kor stort bompengegrunnlaget er i indre? Det blei mykje sutring sist då ny veg Innvik Olden skulle finansierast. Er det no likevel greitt for en Innvikar å bruke 4000 kr kvar månad på bompengar, for å pendle til Stryn 5 dagar i veka? Er no plutselig alle villige til å betale 100 kr kvar veg for en personbil på brua? + en 50 lapp for dei som skal gjennom tunnelen i Utvikfjellet? Det er grunnlaget ei bru i midtre har. 65 kr i ferjebillett og 20 min i spart tid. Kven gidde å sitte på ei ferjekai å vente i dag for 100 kr timen? For eit vogntog kostar ferjebilletten Lote – Anda 617 kr, og med ei bru kan 200 kr plussast på fordi 2x10 min blir spart i ventetid. Spør transportørane i Stryn om dei vil betale 820 kr for å køyre over ei bru i indre. For Utvikfjellet så vil eg tru det skulle bli ganske så likt dei takstane som var i Naustdalstunnelen, pluss litt justering for prisstigning. Utan bru er vegen om Olden lenger en det såkalla S-alternativet via Lote – Hornindal. Og dette er igjen vesentlig lenger enn over Stigedalen, noko også all statistikk viser på tungtrafikken etter Kviven opna. Dette til tross for att Kviven rett før opninga plutselig blei utan dei lokalt godkjente og forventa bompengane. Trafikken Volda – Folkestad er no nær om lag som før Kviven opna. Sidan Kviven blei så ”bom-billig” så kanskje ny tunnel med stamvegstandard frå Øyebakken ved Kjøs og til Hornindal kan få bompengar i staden, slik vi som likevel nyttar Stigedalen føler litt rettferd oppi det heile. Eg lurer på om/trur kostnaden for denne er gløymt i Sintef sine samanlikningar, samt i nokre andre ”analysar”. Av dei 850 000 PBE som no trafikkerer Lote – Anda årlig, så er det slett ikkje alle som skal direkte vidare til Volda . Av personbilane vil eg ut frå mine observasjonar tru att mindre enn 20% skal direkte vidare til Volda. Av mellomstore køyretøy/lastebilar rundt 30 %. På tungtrafikken vil eg vurdere det til 50-60%. Så for en majoritet av trafikken over Lote Anda er altså ikkje ei bru i indre noko alternativ, og utan bru må ferja fortsette å gå. Bru Lote - Anda har eit inntektspotensial på omlag 1,9 milliardar kr dei neste 30 åra, i ferjebillettar, offentlige ferjedrift subsidiar og "spart tid " med den trafikk og ferjefrekvens der er i dag. Om der skal bli 20 min avgangar og 2 ferjer, så vil eg tru brua blir billigare enn ferjer. Tala på Volda - Folkestad er ikkje så veldig ulike. Det må også takast med att trafikken har auka jamt i alle dei åra ferjene har trafikkert, og det er berre på Anda att ferjekaia er tilpassa noko serlig større trafikk enn i dag. Den nye ferjekaia på Anda har kosta 70 mill., etter kva som blir omsnakka. Ei flytebru med neddykka midtparti, mellom Krumsvikneset ved Folkestad og over mot ”aust for” Volda kostar trulig rundt 2 milliardar. I tillegg til att begge desse bruene er om lag sjølvfinansierande, så kjem nytta av auka integrering, betre tilgang til fly, sjukehus, kultur, med meir, samt eit felles bo og arbeidsmarknad. Kommunesamanslåing/samarbeid kan også bli ei naturlig utvikling. La meg her minne om att ferja mellom Frøholm og Faleide blei nedlagt fordi der kom veg rundt via Olden, og Innvik og Stryn kommune blei samanslegne. Med E39 i indre er eg redd for att Lote – Anda og Folkestad – Volda politisk kan få tildelt en lav rutefrekvens, som igjen flyttar, eller fjernar trafikk, og så kjem sambanda på fylkesbudsjetta som store utgiftpostar. Det blir lite igjen til ny FV60 igjennom Hornindalen av det. Å drive ferje er dyrt, faktisk så dyrt att andre dyre og debatterte prosjekt i fylket, som Dalsfjordbrua, og Bremanger 2 er bortimot sjølvfinansierande berre fordi ferjene kan takast vekk. Sjølv med E39 i midtre så ser eg heilt klart att det trengs ny tunnel gjennom Utvikfjellet, med meir. Det som eg meina bør bli løysinga på dette er å forlenge RV 13 vidare nordover frå Moskog til Orkanger, som døme. RV 13 går heile Vestlandet oppover frå Rogaland, parallelt med E39. Det er ingen grunn til att den ikkje skal forsette vidare nordover. RV 13 er riksveg, og er en del av Nasjonal Transportplan/NTP, og får sine midlar over statsbudsjettet. FV 60 Byrkjelo – Stryn er i dag fylkesveg, sjølv om den kryssar grensa til Møre. Ny forlenga RV 13 bør gjerne ligge så langt aust som til ei kvar tid praktisk mulig er. I første omgang kan RV 13 gjerne gå via Utvikfjellet - Olden - Hornindal - Stranda - Åndalsnes - Sunndalsøra - Surnadal – Orkanger. Att forlenga RV13 og E 39 i Jølster blir eit stykke langs same vegen, er vel litt fordi vi i S&F har prestert å legge ”Kyststamvegen E39 ” gjennom dei 2 einaste kommunane utan sjø. Stort sett blir avstanden mellom E39 og RV 13 vesentlig, og slik skapar kvar av dei verdiar og muligheiter, som ikkje eit samla kompromiss kan gi. Om vi i framtida får en ny 16km lang tunnel på RV15 til Strynefjellet, frå Skåre/Oppstryn i slak bue nordvestover og inn til Breidalen , vil det gi nye gode høve for heilårsveg til Geiranger. Frå midt i tunnelen trengs berre 4 km flat tunnel til Opplenskedal i Geiranger , så nye 4 km i nesten flat tunnel til Eidsdal. Frå Stryn til Geiranger vil maks høgde bli om lag 400 M.O.H, og stigninga frå Skåra blir i tunnel. 3 km aust for Norddal ved Eidsdal, er fjorden 750 meter brei, til Valldal. Ei bru her kan gjerne erstatte ferja Eidsdal – Linge. Med 11 km tunnel frå Valldal til Innfjorden, samt den allereie planlagde Trollheimtunnelen, vil det vere igjen 1 ferje på Sognefjorden. Altså 1 ferje frå midt i Rogaland til Trondheim. E 39 med sine mange fjordar ligg lenger vest, men har så mange produktive, sentrale, innovative og folkerike område, att ”ferjefri E39” lønner seg godt likevel. Ålesund, Nordfjordeid, Førde og Bergen syns eg er gode døme på det. Eit av dei første prosjekta på ei forlenging av RV 13, kan vere tunnel i Utvikfjellet. Med dei drivstoffprisar og den tidsbruk som i dag går med, bør grunnlaget for å få økonomi i prosjektet gå greitt. Trollheimtunnelen er eit anna godt, om lag gryteklart prosjekt, med ei ferje mindre som resultat. For svelesvoltne politikarar, som viser si omsorg for yrkessjåførane, så vil eg legge til att stogg/pause under 15 min har ingen gyldigheit som pause/kviletid. Ei eventuell pause på 15 min må vere før pause på 30 min. Pausar på sone 3 ferjer har i dag altså i praksis liten verdi i køyre/ kviletidsamanheng

    Inge Jarle Beinnes

    Fredag 26.04.2013
    Stor Takk til deg Jens Helgheim for eit godt initiativ, vi ser at vanlege folk er viljuge til å ta i ting som politikarane ikkje vågar. Eg vil ikkje gå so mykje inn på detaljer i saka, for då øydelegg eg det som er kjernen og det er at fylket kan få eit vegprosjekt som er 2 til 4 milliarder dyrare enn naudsynt fordi våre politikarar har teke stilling til berre ein del av linjeføringa, rikspolitikarane og byråkratiet tek resten. 2 til 4 milliarder er ganske mykje pengar i eit fylke der det er mange uløyste oppgåver på riks og fylkesvegar og dette vil politikarar frå andre landsdelar seinare bruke mot oss for å redusere løyvingane til andre og like naudsynte prosjekt. Dersom våre fylkespolitikarar meinar at mitre/Stigedalen er so mykje meir verdifull for fylket i høve til indre at dei kan forsvare dei andre konsekvensane, skal dei seie det i vedtaks form og ikkje kome seinare å gøyme seg bak vedtaket om S'en, dei visste godt kva Vegvesenet hadde sagt om den då dei gjorde vedtaket.

    Jens Helgheim

    Fredag 26.04.2013
    Takk for støtta! Den viktigaste grunnen til denne saka er å bryte ned verdien av høyringsuttalen, eg vert så grundig provosert over ordførar Bjørlo som trekk dette vedtaket fram som ein svært god grunn for å legge E39 i dagens trase. Høyringsuttalen er ikkje ein gong verdt papiret den er skrive på! Du Inge Jarle har mangen gode poeng, takkar for dei :)

    Inge Jarle Beinnes

    Torsdag 25.04.2013
    Botn har mange interessante tankar om vegutviklinga på nordvest-landet, det er veldig bra men denne saka handlar om fylkestingsvedtaket om E 39 i Nordfjord og om dette er teke på rett grunnlag. For at dette vedtaket skal tene til noko som helst må det urealistiske alternativet bort frå saklista og ei ny avstemning med grunnlag i dei to realistiske alternativa gjennomførast, kven som vinn og kven som tapar vil ikkje eg meine so mykje om men eg vil vere trygg på at eit fylkestingsvedtak som er fylket sitt innspel til regjering og storting er gjort på rett grunnlag.

    Kari Nordmann

    Torsdag 25.04.2013
    Ola, denne underskriftkampanjen er verken for indre eller midtre. Den er for ny ei handsaming av trase.

    Ola Normann

    Torsdag 25.04.2013
    Denne underskriftskampanjen er for alternativet i Indre Nordfjord sant? Var ikkje enkelt å tolke kva alternativ de meinar.

    Inge Jarle Beinnes

    Torsdag 25.04.2013
    Det enne saka handlar om, er om fylkestinget gjorde sitt vedtak på rett grunnlag, det sokalla S - alternativet vann med knappast mogeleg margin, etter at dei 5 stigedals-tilhengarane stemde subsidiært for S'en, som vegvesenet har sagt er uaktuell. Skal fylkestinget sitt vedtak om Lote - Anda fyljast av regjering og Storting, vil dette bety at veglinja vidare går over Stigedalen, noko som fram til no berre har 5 stemmer bak seg, difor er det trong for ny handsaming.

    Asle Botn

    Torsdag 25.04.2013
    Bru i indre og midtre kostar omlag det same. Eg lurer på kor stort bompengegrunnlaget er i indre? Er alle villige til å betale 100 kr for en personbil på brua + en 50 lapp i tunnelen i Utvikfjellet? Det er grunnlaget ei bru i midtre har. 65 kr i ferjebillet og 20 min i spart tid. Kven gidde å sitte på ei ferjekai å vente idag for 100 kr timen? Bru Lote - Anda har ett inntektspotensial på omlag 1,9 milliardar kr dei neste 30 åra, i ferjebillettar, offentlige ferjedrift subsidiar og "spart tid " . Dette med den trafikk og ferjefrekvens der er i dag. Om der skal bli 20 min avgangar og 2 ferjer, så vil eg tru brua blir billigare enn ferjer. Tala på Volda - Folkestad er ikkje så veldig ulike. La meg her minne om att ferja mellom Frøholm og Svarstad blei nedlagt fordi der kom veg rundt via Olden. Det som bør bli løysinga på dette er å forlenge RV 13 nordover frå Moskog til Orkanger, og legge den så langt aust som til ei kvar tid praktisk mulig, altså i første omgang Utvikfjellet - Olden - Hornindal - Stranda - Åndalsnes - Sunndalsøra - (Oppdølstranda ) + (Trollheimtunnelen) Surnadal. I framtida med ny 16km lang tunnell Skåre - Breidalen på Strynefjellet så kan den då ta av midt i denne, 4 km tunnel til Opplenskedal i Geiranger, nye 4 km tunnel til Eidsdal og så vidare.

    Kjell Heggen

    Onsdag 24.04.2013
    Glimrende initiativ. Fylkestinget bør helt klart ta saken opp på nytt og stemme over to alternativ. Indre over Kviven og midtre over Stigedalen. Jeg er rimelig sikker på utfallet.

    Inge Jarle Beinnes

    Tirsdag 23.04.2013
    Fylkestingsvedtaket om fjordkryssing Anda - Lote, seier ingen ting om kvar vegen går vidare, Vegvesenet har sagt at S'en er uaktuell, det vil seie at Stigedalen fort kan bli det endelege alternativet, dette hadde 5 røyster på fylkestinget, det har tilslutnad berre frå Eid og Gloppen, medan det alternativet som har størst oppslutnad på tinget og i fylket (indre), vart nedstemt. Publikum har rett til å vite fylkestinget sitt syn med dei to realistiske alternativa på saklista.

    Legg til kommentar