1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Innbyggjarinitiativ - Næringsområde på Bådane/Reset i Selje

    Stad, Vestland
    Innbyggjarinitiativ - Næringsområde på Bådane/Reset i Selje
    Opprettet: 03.09.2021 av Marianne Tretteteig Flølo
    Sluttdato for signering: 03.03.2022
    I Selje sentrum er det foreslått ei stor utviding av næringsområdet på Bådane/Reset med utfylling i sjø, kaianlegg, og industribebyggelse på land. Området blei omregulert til næring i 1989, men har ikkje vore tatt i bruk på over 30 år. Området ligg heilt inntil bustadfelta på Reset og Vikavegen, og vegen inn til området går rett gjennom sentrum langs Hovevegen. Dette er veg utan fortau og skuleveg for mange born. På utsida av dagens næringsområde er det ønska utvida stort med omfattande fylling i sjø, på utsida av dagens svaberg. I dette området blir det i dag fiska etter krabber og leppefisk, og det er eit høsteområde for stortare. Området går også inn i omsynssone, gyteområde og oppvekstområde for fisk. Svaberga på nedsida av byggjefeltet blir brukt både til bading, fisking og soling. Det vil vere svært uheldig for bukvaliteten i området dersom det kjem industri så tett på eksisterande bustadfelt. Eit stort industriområde medførar ofte støy i form av både lyd og lys gjennom heile døgnet. Selje er no inne i ei positiv utvikling der mange unge flyttar heim og etablerar seg. I byggjefeltet i Vikavegen bur det i dag mange barnefamiliar, og fleire er på veg. Vi ynskjer ikkje at våre barn no, eller i framtida, skal vekse opp med eit stort industriområde og alt det medfører av negative følgjer som nærmaste nabo. Vi trur heller ikkje fleire kjem til å ville busetje seg her dersom det potensielt kan kome storindustri så tett på. Tilbake i 2017, i arbeidet med kommuneplanen sin arealdel, presenterte Selje kommune i KU- tilleggsutgreiing eit ynskje om å flytte industri og tungtrafikk ut av sentrum, og ei gradvis utfasing av dagens næringsareal ut av sentrum. Området det no skal utvidast på har ikkje vore tatt i bruk sidan det blei omregulert, og står tilnærma urørt. I arbeidet med den nye kommunedelplanen for sjøareal er ei utviding av næringsområdet frarådd i konsekvensutredninga. Vi meinar slike industriareal bør planleggjast ut av sentrum og bustadområde no når det er moglegheit for det! Vi ber Stad kommunestyre vidareføre tankegangen frå Selje kommune og ta stilling til om næringsområdet på Bådane- Reset bør omregulerast til eit anna formål som passar seg nært sentrums- og bustadområde. Signer denne saken og hjelp oss å samle nok underskrifter til å få saken løfta opp til kommunestyret
    149 av 193 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    4 kommentarer:

    Sissel Solheim

    Lørdag 11.09.2021
    Å legge/bygge ut industriområde i nærheta til boligfelt og bebyggelse, er øydeleggande både for trivsel og trygghet/sikkerhet. Det seier seg sjølv at med industriområde så vert det mykje tungtrafikk inn/ut. Trafikken går gjennom boligfelt, på vei for skuleborn og alle mjuke traffikantar. Skal vi få tilflytting og vekst er vi avhengige av trygge nærmiljø. Å bygge ut Industriområde på flottaste innfallsporten til Selje er heilt "greinalaust". Det må gå an å legge til rette og ivareta begge deler, uten å skape/legge opp til framtidig konflikt. Eit industriområde treng vel rom for eventuell utviding i framtida.

    geir håkon andersen

    Onsdag 08.09.2021
    er ikke bare og ta med det i sentrum, bør no ta med hele moldefjorden,da den og skal planlegges ødelakt med næringsområder og annet fra massene fra skipstunnelen, moldefjorden blir brukt av både lokal folk og turister til både fisking og vannski kjøring og masse annet,også av turistene, det er mere nok med skipstunnelen, den kommer nok til og forandre hele fjorden, og bygging av næringsområder-kaier og annet kommer til og ødelegge fjorden, ja vi brukare blir jaget ut av den pga all båt trafikk all næringsområde vil føre med seg,ja og hvolken turister vil se en ødelakt fjord,

    Laila Johannessen

    Lørdag 04.09.2021
    Vikafjellet er gløymt i riksvei13

    Ragnhild hamre

    Lørdag 04.09.2021
    Ønsker ikke at det skal bli industri der