1 Čilge iežat ášši
2 Čoakke vuolláičállagiid
3 Ovddit ášši árvvoštallamii

    Om skule/barnehage-eigedomen på Tessand

    Vågå, Innlandet
    Om skule/barnehage-eigedomen på Tessand
    Álggahuvvon: 03.01.2022 bokte Emil Damstuen
    Maŋimuš beaivi, goas nama sáhttá čállit áššái: 03.07.2022
    Styret i Tessand Grendalag og andre innbyggjarar i grenda ser med stigande uro på at det kommunale bygget Tessand skule, barnehage og grendahus står ubrukt og meir til forfall. Vi ber administrasjonen og den politiske leiinga i kommunen om å «snu kvar ein stein» for å sjå nærare på kva denne eigendommen kan brukast til: • Kan bygget nyttast til å løyse dei kommunale oppgåvene? • Er det for eksempel realistisk å dele frå frileikområdet mot aust, som er regulert for å nyttast som leikeplass tilhøyrande boligfeltet, og selje sjølve bygget til bruk i privat næringsverksemd? • Eller er det mogleg for kommunen å leige ut heile eller delar av bygget til næringsdrivande? Dei lokale foreiningane set sjølvsagt pris på å nytta bygget til aktivitetar og tilstellingar, men vi innser at det ikkje er berekraftig at bygget skal «stå seg i hel» og berre bli brukt som selskapslokale nokre fåe dagar i året. Mangelen på aktivitet i eit stort og tomt hus gjer og at grenda blir mindre ettertrakta for busetting og tilflytting. Samtidig er det kjend at kommunen allereie har store økonomiske utfordringar i åra som kjem og allereie må gjere drastiske og upopulære kutt i viktige tenester. Kvifor då sitje med den kostnaden det tomme bygget påfører kommunen i verditap og vedlikehald? Ei heller er det realistisk at til dømes grendalaget eller andre foreiningar skal sitte med noko ansvar for vedlikehald av eigedommen, då det er svært ressurskrevjande og krev ei oppslutning og eit engasjement som dei lokale foreiningane allereie slit med å mobilisere.
    106 bokte 71 Vuolláičállagat
    Geahča vuolláičállagiid Dát ášši lea giddejuvvon iige dan sáhte šat vuolláičállit
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Eai leat kommentárat.