Greie ut oppløysing av Bjørnafjorden kommune
Bjørnafjorden, Vestland
Oppretta: 09.03.2022 av Pieter Johannes de Zwarte
Sluttdato for signering: 01.04.2022
Intensjonsavtalen til Bjørnafjorden kommune er broten, og mykje av fordelane ein vart førespegla kom aldri. Dette innbyggjarforslaget går ut på å få kommunestyret til å greie ut moglegheita for å gå tilbake til kommunane Os og Fusa, slik at sjølvstyre og demokratiet vert flytta tilbake nærare folket.
Etter Kommuneloven § 12-1 pliktar kommunestyret å ta stilling til eit innbyggjarforslag innan 6 månader om det får meir enn 300 underskrifter.
Det er ingen nedre aldersgrense for å skrive under på innbyggjarforslaget. For å skrive under krevst det at du er busett i Bjørnafjorden kommune, og brukar ditt ekte namn og rett adresse.
Etter Inndelingslova § 15 gjev staten delvis kompensasjon for eingongskostnader som er direkte knytte til deling av kommunar.
Med dette innbyggjarforslaget ynskjer ein å legge fram fylgjande sak:
Bjørnafjorden kommune skal engasjere eksterne og uavhengige aktørar til å greie ut moglegheita for oppløysing av Bjørnafjorden kommune tilbake til kommunane Os og Fusa.
Særskild viktig er kva økonomiske rammer inntektssystemet vil gjeve dei to kommunane, og estimere kostnad ved tilbakeføring.
I utgreiinga skal ein òg sjå på moglegheiter for samarbeid og interkommunale selskap, slik at ein framleis kan ha stordriftsfordelar og ivareta gode fagmiljø.
I tillegg må alternative måtar å drifte og organisere ein kommune på, slik at ein held sjølvstyret på båe sider av kommunen, utgreiast. Trass i at dette kan vera tungt nybrotsarbeid ingen tidlegare har gjort, lyt ein her la eksterne aktørar utfordrar fantasien og tenkje nytt.
Etter dette skal innbyggjarane få sei sitt gjennom ei rådgjevande folkerøysting om ein:
- Vil halde på dagens Bjørnafjorden kommune
- Gå tilbake til kommunane Os og Fusa
- Eller, om ein finn det, gå for ein nybrots måte å halde sjølvstyret på båe sider av fjorden på
Underskriftskampanja vil halde på til 1. april. Ein kan skrive under på minsak.no, og ein prøver å få lagt ut lister i så mange lokalbutikkar som mogleg.
932 av 300 underskrifter
Sjå underskrifter
Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
15 kommentarar:
Marit Holmefjord Solvang
Arne Monsen
Stig Gram-knutsen
Bristella H. Valle
Marta Tysse
Jeanette M Søfteland
Magnus Halsør
Solveig Sjøbø
Martin Boge Eriksen
May-Britt Rød
Carina Ødegård Gangstø
Halis celep
Annlaug Fjærestad Nordbø
Aleksander Lygre
Erlend Hagen Nordtveit