Innbyggjarinitiativ
			
            			
				
				Ullensvang, Vestland			
			
			
							
            
                Opprettet: 08.07.2023 av Arne Martin Støyva
Sluttdato for signering: 08.01.2024            
			
				Unngå tap av framtidige inntekter frå Vasskraftanlegget Røldal - Suldal.
Få eigarskap tilba til lokalsamfunn og det norske folk.
Ullensvang kommune har tapt og vil tapa framtidige heimfallsinntekter på omlag 250 millionar kroner 
kvart år.
I strid med den opphavlege konsesjonsavtalen av 21. 12. 1962, som var i form av ein kongeleg 
resolusjon, som hadde krav om heimfall til staten for vasskraftanlegget Røldal-Suldal (RSK) etter 
60 år, har Hydro Energi AS (Hydro) saman med Lyse, tileigna seg gratis og evigvarande konsesjon for 
kraftanlegget.
Ordføraren i Ullensvang har offentleg kalla tileigninga av gratis og evigvarande konsesjon for eit 
"ran". Diverre er det slik at utsegner frå ein ordførar ikkje gjer om ein urett. Neste naturlege 
steg vert då å ta i bruk domstolane for å krevja sin rett.
Å ha rett medfører ikkje nødvendigvis at ein får rett. Vidare har det å løfta ei sak inn i 
rettsapparatet alltid økonomisk risiko, men med så store framtidige tap av inntekter for Ullensvang 
kommune bør rettsleg steg utan tvil vurderast.
Ungdommar under 18 år har óg rett til å signera her.
Dei som har signert dette innbyggjarinitiativet ber difor Ullensvang kommune om snarast å få 
gjennomført ei uavhengig juridisk vurdering om realiteten av fylgjande:
1. Hydro Energi AS (Hydro) si overdraging av sitt konsesjonsbaserte eigarskap til vasskraftanlegget 
Røldal-Suldal Kraft (RSK) til Lyse Kraft DA, vert kjent ugyldig og ulovleg.
2. RSK skal gå til heimfall frå den 21. 12. 2022, i samsvar med den opprinnelege 
konsesjonskontrakten frå 21. 12. 1962, og i samsvar med det gjeldande lover då, som no, seier.
3. Hydro skal erstatta økonomisk fullt ut det tap staten og Ullensvang kommune har lidd, og lid, 
som fylgje av at Hydro ikkje overleverte sin andel av vasskraftanlegget Røldal-Suldal til staten 
ved utløpet av konsesjonstida den 21.
12. 2022.
			
			
				
					304 av 223 underskrifter				
				
					
				
								
					
					Se underskrifter				
				Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger			
 
            
                        
                        
				
					
					12 kommentarer:				
			
			
				
											
							
								T o m  O l s e n							
							
							
                            						
											
							
								T o m  O l s e n							
							
							
                            						
											
							
								T o m  O l s e n							
							
							
                            						
											
							
								Tor Kjell Prestegård 							
							
							
                            						
											
							
								Mariann n Berge 							
							
							
                            						
											
							
								Elisabeth Hagen 							
							
							
                            						
											
							
								Nis Magnar Runnane							
							
							
                            						
											
							
								Ronny samland							
							
							
                            						
											
							
								Knut Granheim							
							
							
                            						
											
							
								Alf Medhus							
							
							
                            						
											
							
								Helleik N Rabbe							
							
							
                            						
											
							
								Ivar Jensen