1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Oppstart Lofthus Torg

    Ullensvang, Vestland
    Oppstart Lofthus Torg
    Opprettet: 23.03.2024 av Harald Alvavoll
    Sluttdato for signering: 23.09.2024
    Ullensvang kommune pressar no eit privat vassverk, med ulovleg innkrevjing av vassavgift. Samstundes stoggar kommunen ei etterlengta vedtatt oppgradering av Lofthus Torg.  Avtalen frå 1982 er sendt ut til politikarane etter presentasjonen frå administrasjonen i kommunestyremøte Kommunen respekterer med dette ikkje inngåtte avtaler. Forrige generasjon i det private vassverket inngjekk i 1982 ein avtale med heradet , slik at dei fekk utvikle eit bustadfelt. Utbygginga øydela vasskjelda til vassverket. Avtalen vert inngått utan tidsavgrensing. Det står i avtalen som er sendt ut til alle politikarane i punkt 9 at uenigheter i avtalen skal avgjerast med voldgiftsnemd. Det er denne nemda som skal vurdere det juridiske og moralske aspektet rundt avtalen om ikkje tingingar vinn fram. Eventuelt at saka vert prøvd i rettsystemet. Administrasjonen har starta i feil ende og prøve å ta ein snarveg. Me ber kommunestyret om å kreve oppstart på Lofthus Torg og at kommunen går i forhandlingar med Alvavoll og Aarhus vassverk. Vassverket er innstilt på å samarbeide med kommunen for å finne løysingar for utbygging i Lofthus sentrum. Sak: Ullensvang kommunestyre instruere administrasjonen i Ullensvang kommune om å starte opp vedtatt utbygging på Lofthus Torg.
    290 av 223 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Ingen kommentarer.