Nei til industri og næring ved Åseneset og Morkavika!
Volda, Møre og Romsdal
Opprettet: 23.05.2024 av Trine Mork-Bakke
Sluttdato for signering: 02.06.2024
Det har blitt ytra ynskje om å legge til rette for næring og industri i området Åseneset og Morkavika (den gamle Mork-sentertomta og Nilletun). Mange, både i og utanfor Morkabygda blei svært uroa då saka vart lagt fram i Møre, og vi opprettar difor denne underskriftskampanjen.
Det er mange argument mot dette forslaget. Her er nokre av dei:
1. Åseneset har ei svært sentral beliggenheit i bygda, og eit industriområde her vil skjemme ut utsikta for dei fleste av husa på Mork.
2. Mange er uroa for auka tungtrafikk gjennom bygda, både mtp. trygg skuleveg for borna, støy for svært mange, støv, og at ein blir nødt til å bygge vegar som er dimensjonert for denne trafikken. Dette vil måtte gå ut over landbruksareal og dyrka mark.
3. Kaia som ligg nedanfor Mork senteret er mykje brukt til både bading, turar, krabberaking og fisking, spesielt av bygdas unge. Fjøra rundt denne kaia, og fjøreområdet som ligg like vestanfor er mykje brukt, både av barnehagen, skulen og private. Heile dette området vil verte forringa av både visuell støy og auditiv støy, samt forureining og utrygg tilkomst dersom det vert anlagt eit industri- og næringsområde like ved.
4. Ei levande bygd i vekst, som Mork, treng rekreasjonsområder som dette. Dette er ei av få tilgjengelege strandsoner i området. Slik Mork senter-tomta er utforma no er nærleik til sjøen også tilgjengeleg for dei som har nedsett funksjonsevne.
5. Det er registrert gamle gravrøyser og kulturminne på Åseneset. Dette er freda og må vernast.
6. Kva vil skje med dei som har naust i området? Korleis kan dette bli erstatta?
7. Ein er uroa for dyrelivet i området, både mtp. utfylling med enorme masser og forureining av sjøen, og også på land. Åseneset er tilhaldsstad for hjorten, som allereie er pressa ut av industriområdet i Furene.
317 av 219 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
3 kommentarer:
Lillian Gjersdal
sissel anita øyen hareide
Thor Inge Grebstad