Nei til nedlegging av Krokane skule på feil grunnlag!
Kinn, Vestland
Opprettet: 07.11.2024 av Maria Faye Saure
Sluttdato for signering: 07.05.2025
Krokane skule er foreslått nedlagt i Kinn Kommune sitt budsjettforslag, på eit beslutningsgrunnlag vi meiner er mangelfullt. Vi finn mange feil og manglar i rapportane som kommunen har brukt for å vurdere nedlegging. Kommunestyret har tidlegare vedtatt å utarbeide ein skulebruksplan i forkant av strukturendringar i skulane i Kinn. Denne skulebruksplanen vart aldri utarbeida, men skulen er likevel nedlagt i budsjettforslaget. Vi er etter høyringsfristen gjekk ut blitt kjent med at det er gøymd ein komprimert framstilling av planlagt omstrukturering av skulesektoren i samfunnsplan. Når ei så viktig sak blir komprimert og gøymd i ein anna plan, blir ikkje framstillinga lett tilgjengeleg for innbyggarane og det framstår ikkje tillitsvekkande. Å gjere eit så inngripande og irreversibelt tiltak som å legge ned Krokane skule, er forhasta og uforsvarleg når det ikkje føreligg ein gjennomarbeida skulebruksplan. I denne planen skal alle alternativ vere nøye og objektivt vurdert, med reelle konsekvensanalysar, og på eit objektivt grunnlag. Vi krev at Kinn Kommune utarbeider ein skulebruksplan før dei gjer vedtak om skulenedlegging i budsjett eller i eigne saker.
501 av 300 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
11 kommentarer:
Habtom Gebrezgi Girmay
Hassan Ahmed Abdilahi
Snefrid Lervik Midtbø
Khaithama Kojok
Alexander refsnes
Alexander refsnes
Kari-Anne Nygård
Grete Valvik
Rawan Nheli
Vidar Helle
Eli Refsnes