1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Nei til nedlegging av to barnehagar på Vie

    Sunnfjord, Vestland
    Nei til nedlegging av to barnehagar på Vie
    Opprettet: 27.11.2024 av Marcel Scheuer
    Sluttdato for signering: 27.05.2025
    Nedlegginga av to barnehagar på Vie må fjernast frå kommunen si tiltaksliste. Følgande grunngjeving leggast til grunn: - Nedlegginga baserer seg på faktafeil i kommunen sitt kunnskapsgrunnlag. Faktiske tal for dei kommunale barnehagane på Vie viser at det ikkje vil vere plass til alle borna i desse barnehagane etter nedlegginga av to barnehagar på Vie. - Fleire av barnehagane på Vie, til dømes Hatlehaugen, er billigast i kommunen. Ein kan ikkje leggje ned billege barnehagar når intensjonen er å spare pengar. - Barnehagane på Vie ligg strategisk plassert. Dei ligg i populære bustadområde for småbarnsfamiliar og nær dei største arbeidsplassane i Førde, i tråd med visjonen om ein «saumlaus kvardag». - Nedleggingane vil føre til auka trafikk på ein allereie svært belasta vegstruktur. - Nedleggingane vil føre til dårlegare overgang mellom barnehage og skule. - Barnehagane på Vie er viktige for rekruttering av framtidig helsepersonell, og ei nedlegging vil kunne føre til mindre folkevekst og utvikling. - Nedlegging av barnehagar på Vie vil kunne medføre auka kostnadar til private barnehagar i området, for å dekke foreldrepopulasjonen sitt behov for barnehagar nært der folk bur og jobbar. - Barnehagane på Vie er veldrivne, godt likt av foreldre og tilsette, og har god pedagogdeknad, dette må kommunen ivareta når vi veit at resten av landet strevar med ei trippelkrise i barnehagesektoren (sjukefråverskrise, rekrutteringskrise og bemanningskrise). Vi reagerer på at barnas beste ikkje er tatt omsyn til i nedleggingsprosessen, i strid med Grunnloven §104, annet ledd, og FN sin barnekonvensjon. Resultatet av denne prosessen er at gode barnehagar leggast ned, med betydelige økonomiske, pedagogiske og sikkerheitsmessige konsekvensar for kommunen og innbyggarar. Takk for di stemme. Med venleg helsing SU Hatlehaugen
    380 av 300 underskrifter
    Skriv under sak Se underskrifter

    15 kommentarer:

    Agnieszka Bromblik

    Mandag 02.12.2024
    Jeg er veldig fornøyd med Tusenfryd barnehage og lærerne ved anlegget. Jeg vil ikke endre dette stedet fordi dette er mennesker som har fått min og mitt barns tillit.

    Solveig Strømmen

    Søndag 01.12.2024
    Signerer

    Anne Jorunn Svoen

    Lørdag 30.11.2024
    Hatlehaugen er Førde sin beste barnehage.

    Hanne S. Hovland

    Lørdag 30.11.2024
    Vi treng MINST 300 underskrifter, så det er berre å skrive under!! :)

    Hanne S. Hovland

    Fredag 29.11.2024
    Takk for at de saman med oss vil vere stemmene til borna i Sunnfjord. Kvar underskrift blir sett og verdsett.

    Kristina Osland Lavik

    Fredag 29.11.2024
    Vi nærmar oss 300! Tusen hjarteleg takk for alle signaturar!

    Cathrine Ekehaug

    Fredag 29.11.2024
    Eg må vere så ærleg: Alle desse kutta gjer det mindre fristande å bu her vs ein større by. Eg forstår at vi blir færre barn/unge, og at kutt er naudsynt. Men håpar vi kan behandle Førde som sentrum, drivkraft og kjerne, og heller fokusere kutta til utkantane der folk uansett pendlar inn til Førde for jobb.

    Reidun Koksvik

    Fredag 29.11.2024
    Har signert. Gjer kvardagen trygg for born og foreldre! "Det er dagens barn, som skal stå for framtidas eldreomsorg" (Firda, 31.10.24, K.O.Lavik).

    Aina Elise Indrebø Gloppholm

    Torsdag 28.11.2024
    Signerer❤️❤️❤️

    Bernhard Höllige

    Torsdag 28.11.2024
    Signerer

    Marcel Scheuer

    Torsdag 28.11.2024
    Det er utrolig kjekt å se all den støtten fra alle dere. Bare 1 dag har gått og vi har allerede nådd halvparten av målet. Tusen takk :-) PS: Husk å bruke fullt navn ved signering :-)

    Ann Renate Mulehamn

    Torsdag 28.11.2024
    Store barne Hamar og store skuler er løysninga på alt fortida. Men er det løysinga for alle barn. Har ikkje trua på det. Men ved kunn økonomisk tanke gang er det forståleg.

    Kristina Osland Lavik

    Onsdag 27.11.2024
    Hei! Alle må signere med FULLT namn dersom signaturen skal telle.

    Eirik Engen Skadal

    Onsdag 27.11.2024
    Signerer.

    Marius Ramstad Rødvik

    Onsdag 27.11.2024
    .

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.