Krav om gang- og sykkelveg langs eksisterande bru over riksveg 5 i Naustdalsneset.
Sunnfjord, Vestland
Opprettet: 24.08.2013 av Aud Slettehaug
Sluttdato for signering: 15.10.2013
Naustdal kommune har planavklart ei ny gangbru over Nausta. Arbeidet med reguleringsplan for gangbru i sentrum er under arbeid til ein betydeleg kostnad for Naustdal kommune.
Den planlagde gangbrua med kryssing slik Naustdal kommune no held på med regulering for meiner vi må stoppast.
Dette fordi:
- Kostnadane ved prosjektet er uhaldbart høge og vi ser på det som sløsing med offentlege midlar.
- Brua er dominerande i landskapet.
- Brua øydelegg elva Nausta både som fiskeplass, utsikt, nærområde, rekreasjon, fugle og dyreliv.
- Gangbrua som er under planlegging i sentrum løyser ikkje dei vesentlege trafikktilhøva for verken fotgjengarar eller køyrande i Naustdalsneset.
Vi ynskjer oss i staden ei gangbru langs den eksisterande bilbrua i Naustdalsneset. Dette alternativet er eit rimeleg alternativ. Det er snakk om betydeleg mindre omkostningar. Men dette er ikkje med i eksisterande plan for Naustdal og dermed vil ikkje kommunen sjå på dette alternativet. Sikker kryssing for fotgjengarar med under eller overgang i Naustdalsneset meiner vi at må utgreiast.
Vi krev med dette at gang- og sykkelveg langs eksisterande bru over Naustdal langs RV5 i Naustdalsneset vert tatt opp i Naustdal kommune sitt planarbeid.
Fordelen ved denne løysinga meiner vi langt overgår det Naustdal kommune til no har lagt som grunnlag i sine planar:
- Kostnadane kan vere etter våre berekningar berre 20% av det kommunen no held på med og sparar dermed både Naustdal kommune og det offentleg for betydelege midlar.
- Ynskjer ein eit stort og monumentalt byggverk i Naustdal vil eit utsiktspunkt i Naustdalsneset vere betre. Der har ein utsikt over eit attraktivt fjordlandskap og det forlenger strandpromenaden langs Sanden.
- Belastinga på elva Nausta vert eliminert heilt.
- Ved å ruste opp eksisterande trafikkårar til og frå sentrum vil ein få større samla gevinst for både billistar og fotgjengarar enn ei ny gangbru i sentrum vil gi.
I tillegg meiner vi at gangbru langs eksisterande bru i Naustdalsneset vil knyte Sæla og byggefeltet på austsida av Nausta betre saman. Det vil vere ein meir naturleg tilkomst til Sanden, båthamna og bensinstasjonen for innbyggjarane på austsida av Nausta. Det bør også vere ein tanke å kunne stenge gamlebrua på Naustdalsfossen heilt for biltrafikk og ruste denne opp som gangbru. Få på plass triveleg parkanlegg langs denne ruta, samt god belysning. Turgåarar brukar brua i Naustdalsneset flittig og vi spør difor om planen har tatt med denne bruken i vurderingane til sentrumsplanen. Kryssinga for fotgjengarar i Naustdalsneset og av og påkøyring for bilar i Naustdalsneset vert ikkje betra ved at vi får ei ny gangbru i Sentrum.
Vi som skriv under på denne saka meiner at gang- og sykkelveg langs eksisterande bru over RV5 er det beste alternativet for folk i Naustdal og krev at Naustdal kommune set i gang arbeidet for gangbru her. Vi krev at Naustdal kommune utviklar og forbetrar eksisterande trafikkårar til og frå sentrum og legg vekk planane om ny gangbru i sentrum.
193 av 300 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
17 kommentarer:
Jorun Hjellum
Joar Stegane
Magnar Falkenstein
Aud Slettehaug
EIn Bussjåfør, ein bussjåfør
Bygdetrollet i Sentrum
Bydetrollet frå Fjorden
Aud Slettehaug
Bygdetrollet i Dalen
Aud Slettehaug
Sigmund Svoen
mr Bru
Gunnar Helgås
Aud Slettehaug
Aud Slettehaug
Klara K
Aud Slettehaug