Ulvik treng ein ekspressbuss til og frå Voss
Ulvik, Vestland
Opprettet: 09.03.2025 av Lina Hamre
Sluttdato for signering: 09.09.2025
130 av dei sysselsette personane som har bustadadresse i Ulvik, pendla i 2024 til Voss (SSB). Det utgjer om lag ein fjerdedel av arbeidsstokken i Ulvik herad. Dei aller fleste av desse arbeidstakarane køyrer til Voss i eigen bil.
Dersom trafikken er i god flyt og ein held fartsgrensene, kan ein koma seg til Voss med bil på kring 45 minutt frå Ulvik. I beste fall brukar bussen eit kvarter ekstra. At nokre minutt går tapt til på- og avstiging, må ein som kollektivpendlar rekna med. Det ein gjev opp i tid får ein att i moglegheiter; til å lata att augo litt, lesa sakspapir, skriva meldingar – slikt ein ikkje kan gjera bak eit ratt.
Klokka 15.30 går ein som småbarnsforeldre inn i den mest hektiske fasen av døgnet. Ungar skal hentast og kanskje leverast på ein aktivitet, middag skal lagast, små kriser skal avvergast. Då er det fint å vera to om jobben, men klokka 15.30 sit underteikna på ein buss som ikkje lenger er på veg mot Ulvik, men over Hardangerbrua til Bu. Viss ein er heldig står dei korresponderande bussane til Eidfjord og Odda klare, men sistnemnde er ein joker heile sommarhalvåret.
Denne omvegen, som kostar om lag 15 minutt ekstra på ettermiddagen, øydelegg også for den effektive morgonruta. Når ettermiddagsturen med buss tek ein halvtime meir enn med bil, vert totalen «tapt tid» for høg; særleg når denne tida utspelar seg på ettermiddagen. Turen over brua gjev meining i eit regionalt perspektiv, men denne omvegen gjer at bussen ikkje lenger er konkurransedyktig med bilen for dei fleste pendlarar frå Ulvik som treng å koma seg raskt heim.
Ein full ekspressbuss til/frå Voss ville ha gagna klimarekneskapen, både til Ulvik og Voss, all den tid vegtrafikk utgjer den nest største utsleppssektoren i begge kommunar. Redninga er ikkje å få alle attverande fossile pendlarar over på elbilar. Ja, det ser betre ut på vår lokale klimarekneskap, men produksjon av bilar – uansett drivstoff – er svært ressurskrevjande. For kloten vår er det meir berekraftig med ein full buss enn med 45 elbilar som går til og frå Voss.
Mange av dei som pendlar til Voss, jobbar på særskilde tider og på stader som ligg langt frå busshaldeplassar. Men det er også mange som jobbar i Voss sentrum til «vanlege» tider. For å finna eit treffande tidspunkt for ekspressbussen kunne ein til dømes sendt ut ei spørjeundersøking til pendlarane og funne eit best mogleg tidspunkt for flest mogleg.
Ekspressbussen bør gå mest mogleg strake vegen, gjerne ein effektiv svipptur nedom Granvin, men ikkje over brua til Bu. Den bør ikkje vera avhengig av korresponderande ruter, og den bør ikkje ha påstiging etter Filipshaugen på veg til Voss eller avstiging på same strekkja på veg tilbake (det går lokale bussar mellom sentrum og Bjørgum).
Voss har ein langt meir mangfaldig arbeidsmarknad enn Ulvik, men bustadprisane er høgare enn i Ulvik. Kanskje opnar ein ekspressbuss opp moglegheita for at fleire av dei som har arbeid på Voss, vel å busetja seg i Ulvik? Det kan vera ein konsekvens av å få på plass ei ekspressrute. Det som iallfall er sikkert, er at dette ville gjort buss til eit meir konkurransedyktig alternativ for mange pendlarar som i dag køyrer eigen bil.
Forslag til vedtak: Ulvik herad tar initiativ overfor Skyss om å oppretta ei ekspressrute frå Ulvik til Voss om morgonen og frå Voss til Ulvik om ettermiddagen.
For ordens skuld legg eg til at optimalisering av bussruter er noko eg jobbar med for Voss herad som klima- og miljørådgjevar, og at dette framlegget vert gjort som innbyggjar av Ulvik herad.
22 av 22 underskrifter
Se underskrifter
Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
Ingen kommentarer.