1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Innbyggarforslag i samband med akutt stenging av Skålevik Skule

    Øygarden, Vestland
    Innbyggarforslag i samband med akutt stenging av Skålevik Skule
    Opprettet: 17.03.2025 av Christina Fjell Helleland
    Sluttdato for signering: 17.09.2025
    Innbyggarforslag i samband med akutt stenging av Skålevik Skule Oppsummering På bakgrunn av ein akutt situasjon med stenging av Skålevik skule er det behov for å setje inn tiltak med elevane sitt beste i fokus. Elevar, føresette og lærarar ønsker seg alle tilbake til Skålevik. Vi føreslår her ei løysing der Skålevik skule vert oppretthalden i påvente av ny skule på vestsida. Vårt forslag inneber ei utviding av eksisterande paviljong slik at denne har kapasitet til å samle elevar og lærar som høyrer til Skålevik skule. Dette er grunngjeve i kva som er den beste løysinga for barna våre. I tillegg meiner vi at den føreslåtte løysinga også er den beste for lokalsamfunnet og av økonomiske omsyn. Innleiing Skålevik skule vart akutt stengt på bakgrunn av funn av frie asbestfibrar 21. januar i år. På èin dags varsel vart elevane splitta opp og plassert på tre ulike lokasjonar; Skålevik, Ulveset og Ågotnes. Dette er løysinga fram til sommaren 2025. I ein akutt situasjon er det viktig å finne umiddelbare løysingar, men også å raskt kome fram til meir haldbare løysingar til barnas beste. Vi etterlyser ei konsekvensutgreiing av ei forlenga akutt løysing som vi har no, og ein plan for korleis våre barn kan få ein trygg og god skulekvardag i fortsetjinga etter sommaren. Våre barn er tydelege på at dei vil tilbake til Skålevik, og dette må vere det viktigaste argumentet for ei løysing frå haust 2025. Vi føreslår med dette ei løysing med barna i fokus, slik at dei kan bli ivaretatt på best mogeleg måte framover. Vår løysing er: Utvide eksisterande paviljongar/brakkebygg med nye modular slik at alle elevar kan samlast på Skålevik skule frå haust 2025. Vi føreslår at det etablerast ein ny etasje oppå den nyaste brakkedelen, som vil gi fleire undervisningsrom (jf kartutdrag under). I tillegg kan ein setje opp nye brakker i bakkant av skulen (der det i dag står eit enkeltståande leikeapparat). Sist vil det også med relativt enkle tiltak kunne leggjast til rette for utviding av brakkebygg frå administrasjonsdelen, i forlenging av parkeringsplass. Utover dette kan nordre del av fotballbana (7-erbanen) også vere aktuelt. Vårt forslag er grunngjeve under ut frå fleire omsyn, men vi understrekar at det er det beste for barna som må vere i fokus og at Øygarden kommune må legge dette til grunn når løysing for haust 2025 skal bestemmast. Barnas beste Barnekonvensjonen Det aller viktigaste er at løysinga i ein akutt situasjon som denne har omsynet til barna i hovudfokus. Det hastar å redusere den manglande tryggleiken som både elevar, lærar, foreldre og lokalsamfunn no kjenner på. Som oppfølging av ei akutt stenging hadde vi forventa oss ein tydlegare prosess, der også barna sine synspunkt kom med i diskusjonane. I Barnekonvensjonen står det i følgjande paragrafar: 3. TIL BARNETS BESTE Handlingar som vedgår barn som vert sett i verk av styresmakter og organisasjonar, skal først og fremst ta omsyn til kva som gagnar barnet best. Staten skal sørgje for at dei institusjonar og tenester som har ansvaret for omsorga eller vernet av barn, har den standard som er fastsett, særskilt med omsyn til tryggleik, helse, talet på tilsette og deira kvalifikasjonar så vel som kompetent tilsyn. 12. Å SEIE MEININGA SI Barnet har rett til å seie meininga si i alt som kjem det ved, og barnet sine meiningar skal det leggjast vekt på. Vi forventar at ei løysing frå haust 2025 ivaretar Barnekonvensjonen punkt 3 og 12. Elevane sitt psykososiale miljø og tryggleik Det psykososiale miljøet på Skålevik skule er svært godt, mellom både elevar og lærarar. I tillegg samarbeider foreldregruppene godt, noko som også har påverknad på eit skulemiljø som er trygt for barna. I Elevundersøkinga er trivselen / tryggleiken for elevane på Skålevik skule høgare enn begge dei tilgrensande skulekrinsane. Faktisk er Skålevik skule den skulen i heile Øygarden kommune der elevtrivselen er størst(!) - langt over landssnittet. Fleire av oss har sjølve tatt del i samanslåingsprosessar ved nedlegging av skular tidlegare. Det punktet som vert vektlagt meir enn noko anna er at det i forkant skal vere gode og omfattande prosessar for å tryggje elevar og tilsette. I denne akutte situasjonen har det altså ikkje vore ein einaste slik viktig prosess. Dette, i samband med stenging av skulen og ein lang periode der situasjonen er uavklart, ser vi allereie at har fått klart negative konsekvensar for barna våre. Det skaper ein utryggleik i elevgruppa og for det enkelte barn. Dei har mange spørsmål, og vi har ingen svar. Det hastar å lage ei god løysing for tida framover der elevane kjem tilbake til Skålevik. Då kan ein seinare gjere ein ryddig og trygg prosess for endringar i skulestruktur. Vi er svært bekymra for dei langsiktige konsekvensane dette får for våre barn, og vi veit at sidan kommunen elles legg så stor vekt på barnas beste i andre samanslåingsprosessar, så er dette viktig for kommunen også. På alle skular blir medelevar brukt som ressursar for kvarandre, gjennom undervisningsopplegg, fadderordningar, aktivitetar i friminutta (TL etc) og ikkje minst på skuleveg. Dei minste møter eldre elevar som med rettleiing tryggjer og er gode førebilete. Dei som er eldre får ansvar og tillit til å vere ei slik støtte. Dette sveisar saman skulemiljøet og er avgjerande for ein god skulekultur. Her har lærarane på Skålevik skule gjort ein enorm jobb. For mange er det å ha tryggleiken i storebror eller storesyster på skulen avgjerande. Alt dette har blitt tatt frå dei, og mange opplever dette svært utfordrande. Dei treng dette tilbake så snart som mogleg. Vi har mellom anna 1. klassingar som ikkje får fadrar og 6. klassingar som ikkje får vise omsorg til eit fadderbarn. Sårbare barn Ei forlenging av den akutte løysinga i skulekvardagen til elevane våre vil få store konsekvensar for mange elevar, og særskilt dei sårbare elevane. Fleire foreldre melder om at den akutte stenginga har hatt negative konsekvensar for deira barn, til dømes der oppfølging av elevar med rett på spesialpedagog har endra seg, blitt meir uføreseieleg og opplevast utrygt for både elevar og foreldre. For sårbare elevar er tryggleik ekstra viktig. Denne situasjonen vi no står i er utrygg for alle, men vil ha særlege konsekvensar for elevar med behov for ekstra støtte. Kostnaden på dette lar seg vanskeleg talfeste, men vil også kunne ha store økonomiske konsekvensar på sikt. Igjen vil vi her trekke fram omsynet til det beste for barna. Sosiale skilnader og økonomi Dersom ein opprettheld løysing med å flytte elevane frå Skålevik til andre skular fryktar vi at dette vil ha ei negativ innverknad på dei borna som kan nytte SFO. På grunn av at det ikkje er betalt skuleskyss frå SFO vil dette medføre at barn som elles ville deltatt på SFO ikkje får høve til dette på grunn av økonomi og praktiske utfordringar for foreldra. Vi fryktar også at fleire små barn blir meir aleine heime, eller blir meir utsett for utfordringar i heimen. Konsekvensar for lærarar Ein situasjon som er utrygg for elevane er også utrygg for lærarane. Skålevik skule sine lærarar har gjort ein fantastisk jobb i ein svært krevjande situasjon. Det er klart uheldig for lærarane sitt miljø og samhandling at dei no er spreidd på tre ulike skular. Dette påverkar også lærarane sine høve til å følgje opp elevane og heimane på same måte som tidlegare, som igjen går ut over elevane. Tryggleiken til barna er heilt avhengig av dei gode lærarane, og vi fryktar at ein slik akutt situasjon med ein lang periode der situasjonen er uavklart vil medføre at vi mistar lærarar. Transportveg, folkehelse og familiesituasjonar Vestsidevegen er elendig og særs farleg å ferdast på. Dersom alle elevar skal flyttast til andre skular permanent og det i tillegg ikkje vil bli betalt skuleskyss frå SFO, vert trafikkbelastninga på Vestsidevegen pressa ytterlegare. Elevane som høyrer til Skålevik skulekrins bur i dag i stor geografisk avstand frå kvarandre. Dette medfører ein lang reiseveg for mange, også for mange elevar som fram til no har kunne gå eller sykle til skulen. Den akutte stenginga av Skålevik skule har medført at alle elevar frå 3.-7.trinn må bruke skuleskyss. I ei tid der folkehelsa til barn er under press, meiner vi at det er å gå baklengs inn i framtida. Frå Øygarden kommune sin eigen samfunnsplan er det eit mål at Øygarden skal vere ein god plass å bu, og at “Vi skal prioritera folkehelse i all fysisk planlegging, og legga til rette for omgjevnader som stimulerer til eit aktivt kvardagsliv”. Ei løysing der elevar frå Skålevik skule skal gå på andre skular frå hausten 2025 går stikk i strid med kommunen sin eigen plan. Vi har mange foreldre som no må forhalda seg til to og tre(!) ulike skular – ikkje berre når det kjem til transport, men også i høve til kjennskap og kommunikasjon. Dette er ei enorm belastning for ein travel barnefamilie. Skulen skal vere limet i eit lokalmiljø. Vi kjenner til betydninga av dette. Foreldre som ikkje kjenner tilhøyrigheit til ein skule, vil slutte å vere ein ressurs for både skule og lokalsamfunn. Det er heilt tydeleg at gjeld her også. Levande lokalsamfunn og bustadutvikling At Øygarden skal vere ein god plass å bu bør vere gjeldande for alle innbyggjarane i kommunen. Lokalskulen er avgjerande i eit levande lokalsamfunn, og saman med den kommunalt eigde idrettsbana ligg tilhøva til rette for dette på Skålevik. Skålevik skulekrins har aukande elevtal. Det er eit uttalt mål for Øygarden kommune at det bur folk i heile kommunen. I tillegg er særleg barnefamiliar ønska i lokalsamfunna. Desse utgjer framtida til verdiveksten til kommunen. For at barnefamiliar skal velje å bu i eit område er det avgjerande med ein trygg og god nærskule. Ei akutt stenging av Skålevik skule er ein uheldig situasjon for lokalsamfunnet på vestsida. Som einaste plassen i kommunen utan ein nærskule, er det her og no svært lite attraktivt å bu på Skålevik, Sekkingstad og øyane. Vi får nesten dagleg melding om menneske som planlegg eller vurderer å selje bustaden sin og flytte ut av kommunen. Og det er dei mest ressurssterke som ikkje overraskande ser ut til å forlate skipet først; dei som har høve til å selje med tap. Vi kan heller ikkje sjå for oss at særleg mange vel å flytte til ein plass der barna deira blir spreidd rundt på to eller tre ulike skular. Dette vil kunne få store konsekvensar med tanke på det sosio-kulturelle aspektet, og også for kommuneøkonomien på sikt. Eit særs velfungerande lokalsamfunn kan no allereie vere i ferd med å rakne. Økonomi Vi ynskjer at løysingane med å sanere den gamle delen av Skålevik skule og setje i stand ventilasjonsanlegget i den nye delen å setje opp nye brakker på skuletomta til Skålevik blir vurdert på lik linje med å halde fram med ulike variantar av naudløysinga som no føreligg. Vi ynskjer at alle løysingane blir vurdert ut frå både økonomisk, sosioøkonomisk, sosiale og rettigheitsmessige aspekt. Vi er heilt visse på at eit framhald av ei liknande løysing som akuttløysinga ikkje er til barnas beste. Dersom kommunen likevel ynskjer å gå for eit slikt forslag, må dette bevisast. Vi trur dessutan at det på sikt heller ikkje vil svare seg verken sosioøkonomisk eller økonomisk. Sluttappell Skålevik skule har i fleire ti-år blitt tilsidesett, og det som no skjer er ein varsla katastrofe, som likevel kjem akutt og plutseleg på. Det er likevel denne akuttsituasjonen, med tilhøyrande naudløysingar vi er tydelege på at ikkje kan halde fram. Kommunen er no i ein situasjon der mange av kommunen sine små innbyggjarar ikkje får den oppveksten dei har krav på. Dette handlar om både tryggleiken til barna våre, innverknaden på eit heilt lokalsamfunn og ikkje minst eit fråvær av solide, planlagde prosessar som kan tryggje barna og oss foreldre. Vi er imponerte over kor mykje lærarar, elevar og foreldre har klart å strekkje seg i denne situasjonen. Men det finst ei grense for kva ein kommune sine innbyggjarar kan leve med når det kjem til å la naudløysingar i ei krise bli den nye kvardagen. Vi treng alle at den kvardagen blir føreseieleg for barn, foreldre og tilsette, at barnekonvensjonen blir ivaretatt og at heilskaplege løysingar blir valde og at innbyggjarane blir høyrde. Lenke til underskriftskampanje: https://www.underskrift.no/vis/13056/ Lenke til Innbyggarforslag: https://docs.google.com/document/d/1gtZ15de54m56k2Uqp9vlt3Xw4TpeFJLh/edit?usp=sharing&ouid=114167782532846344683&rtpof=true&sd=true

    Ingen kommentarer.

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.