1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Me treng snøggbåten Ølen- Bergen.

    Rogaland
    Me treng snøggbåten Ølen- Bergen.
    Opprettet: 04.06.2025 av Aslaug Johanne Risøy
    Sluttdato for signering: 03.12.2025
    Ølen var kommunen med slagordet "Der vegane møtes", det var eit naturleg sentrum med forbinding til mellom anna Bergen via snøggbåten. Snøggbåten bidrar framleis til at elvar ved Lundeneset vidaregåande kan reise fram og tilbake til heimstaden sin i helgene om dei ønsker dette. Eg er så takknemlig for denne båtruta. Eg har tre barn under 5 år, og bur i Ølen. Men, svigers, bror, svigerinne, svoger og nokre av søskenbarna til ungane bur i Bergen. Det er så verdifullt for meg å ha høvet til å kunne ta båten opp til Bergen med nokre av ungane. På båten kan eg ta opp babyen om den skrik, eg kan amme, skifte bleie, gå med ungen sovande i bæresele eller vogn utan å måtte vekke den. For dei eldre ungane kan eg lese bøker, ha med duploklossar, me kan ete, møte andre ungar, ha fine samtalar med andre medpassasjerar. Det er stas å ta denne båten, både for meg som mamma og for ungane. Og, eg har gode minner med båten. Me reiste til Bergen frå Ølen med barnehagen for å gå på museum. Då eg gjekk på vidaregåande skule reiste heile biologiklassen med båten på dagstur til akvariet i Bergen det eine året, det andre året brukte me den til Bergen, og tok toget vidare til Finse på ekskursjon. I tida mi som student i Bergen tok eg ofte båten frå Bergen til Ølen, saman med mange andre studentar frå både Etne og Vindafjord. Her kunne me sitte å prata, eller studera. Eg har tatt båten direkte frå Ølen til Flesland for å ta fly, til Bergen for å gå på kurs, i barnebursdag, i babyshower, osv. Eg har møtt fleire personar på båten som bruker den for å ta nødvendige medisinske behandlingar på Haukeland. Behandlingar som gjerne gjer at ein ikkje er i stand til å køyre bil. Og, eg veit at for mange av desse aukar det livskvaliteten å nettopp kunne ta båten. Eg veit om folk som brukar båten etter dei har reist med båt til Bergen for å komma seg vidare til Ølen. Du kan hurtigruta til Bergen, og så ta snøggbåten vidare til Ølen. Me er så heldig å ha svigermor som også kjem til oss med båten frå Bergen innimellom. Og, me har lova ungane at når dei er store nok kan dei få ta båten til Bergen åleine å besøke både farmor og farfar, onkel, tante og søskenbarn. Og, me er fleire her i Ølen som har venner og familie i Bergen me gjerne besøker, og tar gjerne båten hit. Nokon fordi dei ikkje har bil, nokon har ikkje lappen, nokon for å støtte opp om å ta kollektivt, nokon fordi det er best for ungane, nokon for det er den kjekkaste måten å reise på og så videre. Takka vera snøggbåten til Bergen kjennes ikkje Ølen som ein utkant for meg. Ja, eg saknar Åpen Barnehage i Bergen. Men, eg er så heldig at det kan eg gå på når eg er i Bergen, og i Bergen kan eg bli eit par dagar ekstra om mannen treng å reise heim med bilen før meg. Eg saknar venner og familie i Bergen, men, terskelen for å få og ta i mot besøk blir lågare med denne måten. Eg saknar ikkje tilgang på kurs og studiar så mykje, fordi det har vore relativt lett å komma seg til Bergen som har det me kan ønske oss av påfyll av kompetanse. Forsvinn båten blir det rett og slett mindre attraktivt å bu i Ølen for meg. Det blir mindre attraktivt å flytta til Ølen for andre eg kjenner, og det blir eit større behov for å køyre bil og ha bil. Noko som igjen slit på vegen og miljøet. Denne saken hadde trengt at eg engasjerte meg i den tidlegare. Snøggbåten er allereie vedtatt å legge ned til Ølen frå 1. juli 2025. Men, eg er sikker på at meg, og mange med meg trudde at dette kan dei ikkje gjere. På søndag 1. juni delte eg eit innlegg på Facebook om saken. I dag tysdagskveld er det delt vidare av 25 personar, og har over 100 som likar, og per nå 21 kommentarar. Facebookgruppa "MOT nedlegging av hurtigbåt fra Ølen til Bergen " har over 1100 følgjerar på Facebook. Ønsker me å ha levande bygder treng me å gjera det attraktivt å bu her, og eit enkelt tiltak er å oppretthalde denne båten. Slik eg ser det sparer ein ikkje mykje pengar. Jo, kanskje kostar det Rogaland Fylkeskommune 1,6 MNOK å oppretthalde det. Men, kva tapar ein på å leggje ned båten? Kva om me flyttar tilbake til Bergen? Det er mykje skattepengar tapt, kva om enda fleire flyttar fra Vindafjord, enda fleire skattepengar tapt. Kva om enda færre flyttar til Vindafjord? Får me ikkje kompetente folk inn her kan ikkje bedriftene drive slik dei vil. Flyttar familiane med barn vekk fra bygdene blir det ein katastrofe for barnehage og skule. Det å legge til rette for gode tilbod for folket trur eg vil lønne seg. Så får me sjå kor mange som er einige med meg :)
    845 av 500 underskrifter
    Skriv under sak Se underskrifter

    15 kommentarer:

    Einar Bakke

    Fredag 06.06.2025
    Dette er eit viktig tilbud! For å ha levande bygder er det heilt nødvendig å ha eit godt kollektiv tilbud, og denne båten er eit viktig bidrag for at folk skal ville busette seg her. Spesielt viktig for studenter og andre pendlere!

    Kristin Hagland

    Onsdag 04.06.2025
    Hurtigbåten er svært viktig for å kunne bo i distriktet. Ikke alle har bil, busstilbud er for dårlig og krevende. For studenter er dette svært viktig for pendling frem og tilbake fra Bergen. Kurs, reiser til flyplass, sykehus, videre transport m.m En viktig årsak for meg personlig for å kunne bosette meg her, kontakt med familie etc. Selv om det går båt fra Skånevik blir det tross alt unødvendig forlenget reisetid. Eg vil også kommentere at med andre avgangstider enn dagens tilbud, tror jeg flere hadde benyttet seg av tilbudet. Spesielt morgen, ettermiddag og helger. Med dårligere korrespondanse blir det raskere og lettere å kjøre bil. Det blir vel feil i forhold til miljø og tilbud.

    Hildegunn Wreim Myhre

    Onsdag 04.06.2025
    Ta ikkje båten fra oss! Me treng den!

    Hanne Beathe Bjørndal Breivik

    Onsdag 04.06.2025
    Viktig for oss som bor i nærheten av hurtigbåten som har lyst å utdanne seg! Er selv student i Bergen.. det er viktig og til rette legge seg for å få utdannet seg til sånne små plasser! Og da er det viktig med hurtigbåten til Bergen!

    Gro Anita Imsland

    Onsdag 04.06.2025
    Båten er en viktig transportforbindelse fra indre haugalandet til Bergen for alle, men spesielt viktig for studenter.

    Grethe Nerheim.

    Onsdag 04.06.2025
    Ikke legg ned båten vår.Skal jeg til Bergen...Da må jeg reise til stord og så til Bergen..Dette går ikke.Det er mange her i ølen som jobbar i Bergen..Kva skal dei då gjera..Me vil ha båtten i Ølen...Ta alle på alvor..Mvh Grethe Nerheim ølen.

    Helena Hansmann

    Onsdag 04.06.2025
    Dei skulle ikkje å stoppa ferjo heller.

    Mirei åsebø

    Onsdag 04.06.2025
    Ikke fjern favoritt båten!! Hvordan skal jeg komme meg bort der nå?

    Randi Reisæter

    Onsdag 04.06.2025
    Min familie har hatt hytte på Haugsgjerd siden 1958, og har brukt båten ofte . Da kan barna ta båten for å besøke, og andre gjester, og man må ikke ha tilgang til bil. Jeg opplever at infrastrukturen i området blir mer og mer nedprioritert (, buss, ferge etc), og vi blir snart " mørke fastlandet" om båten også forsvinner. Vi trenger alle at båtruten består! Jeg får dessverre ikke signert da jeg ikke bor i denne fylkeskommunen, men heier på dere av hele mitt hjerte!

    Randi Sæbø

    Onsdag 04.06.2025
    Einaste måten å koma til Utbjoa uten bil, viss ein ikkje tar privat båt over fjorden. Dei skulle ikkje å stoppa ferjo heller.

    Randi Sæbø

    Onsdag 04.06.2025
    Einaste måten å koma til Utbjoa uten bil.

    Henriette Pedersen

    Onsdag 04.06.2025
    Jeg har familie i både Bergen og Skånevik, jeg har hverken lappen eller bil, og da er det faktisk enklere å forholde seg til å ta båten til og fra Bergen når jeg skal besøke venner, familie og bekjente, enn å måtte ta buss til Aksdal eller Haugesund og så ta Kystbussen derfra. Det er en reise som blir både dyrere og tar opptil flere timer lenger enn båten pga venting. Jeg tar også båten til Skånevik på noen søndager for å besøke familien der også av og til, av samme grunn. Jeg har også flyttet fra Bergen og omegn til Ølen. Det er også en av hovedgrunnene mine til at jeg synes det går an å bo i Ølen, og uten båtforbindelse så blir det altfor vanskelig for meg å kunne besøke venner, familie og bekjente, spesielt når det er større familieselskaper i Bergen jeg skal være med på, og det ikke går buss så jeg rekker frem til rett tid.

    Sigmund Risøy

    Onsdag 04.06.2025
    Snøggbåtruta mellom Ølen, Bjoa og Sunnhordland er avgjerande for mobilitet, busetjing og utvikling i Vindafjord. Båten er ein viktig del av det kollektive reisetilbodet – særleg for studentar og reisande frå Sauda, Suldal og indre Haugalandet som treng effektiv samband til Bergen. Særleg fredagar og søndagar er det stor pågang. Snøggbåten er meir enn eit transportmiddel – han er ein livsnerve for lokalsamfunnet. Å oppretthalde og styrkje tilbodet er avgjerande for berekraftig utvikling og busetjing i Vindafjord.

    Elin Thorsen

    Onsdag 04.06.2025
    Støttar innlegget 100 % !! Som innflyttar til Bjoa nyttar eg båten til behandlingar i Bergen, og kan eg ikkje ta båten frå Utbjoa eller Ølen må mannen min køyre meg til Leirvik eller til Bergen. Eg er ofte så sliten etter behandling at eg ikkje maktar å kjøyre sjølv, på båten får eg kvile meg. Båten gir oss betre høve til kontakt med nær familie i Bergen og lenger nord i Vestland. Me har sett fram til at barnebarna i Bergen er store nok til å ta båten på eiga hand til oss. Båten utvidar arbeidsmarknaden for oss som bur her, og gjer det så mykje enklare å velge å bu i distriktet. Eg veit at nå når ruta stoppar må folk som pendlar seriøst vurdere å byte jobb fordi reisevegen blir alt for lang. Eg har kjent at eg bur midt i smørøyet på Bjoa, for båten sikra at eg kjem meg fram til det eg treng. Det er ein katastrofe at ruta er lagt ned fra 1.juli. Det er ein stor urett som skjer, eg fattar ikkje at nokon kan tru at dette er et klokt grep å ta.

    Anja Elin Soltveit

    Onsdag 04.06.2025
    Ein av grunnene til at eg flytta til ølen fra Bergen, var at det er så lett å komme seg til og fra med båten! Me trenger båten, ellers må eg sei at det frister lite å fortsette å bu her i ølen! Heile min familie bur i Bergen! Båten er den beste og letteste forbindelsen mellom familien vår.

    Legg til kommentar

    Kommentarer som ikke signeres med fullt navn, eller på annen måte bryter med vilkår for bruk, vil bli slettet.

    Skriv under denne saken

    Fyll inn navn, adresse og postnummer for å signere saken. Informasjonen må oppgis slik at signaturen din kan verifiseres.