Bevar eit aktivt folkebibliotek i Årstad bydel!
Bergen, Vestland
Opprettet: 29.10.2025 av Andreas Hadsel Opsvik
Sluttdato for signering: 29.04.2026
Årstad bydel har i dag tre bibliotek: Landås bibliotek, Biblab på Sletten senter og skulebiblioteket Ny-Krohnborg. I bydelen er Landås det einaste av desse som ikkje kun er for barn og unge. Byrådet foreslår i sitt budsjettforslag å legge ned Landås fra 2026.
Eit levande bibliotek handlar om å bevare ein møtestad for lokalsamfunnet. Forsking viser at nærleik til bibliotek aukar lesing, styrkar språkferdigheiter og reduserer sosial isolasjon – som er særleg viktig i eit samfunn der sosiale og digitale skilnader stadig aukar. I tillegg til biblioteket sitt eige viktige tilbod, er også lokala møtestad for mange frivillige organisasjonar og andre uformelle leirbål.
Mangelen på heis strider mot krav til universell utforming, og gjer tilgangen vanskelegare for rullestolbrukarar, eldre, foreldre med barnevogn og ei rekke andre. Særleg for eldre er Landås bibliotek ein viktig sosial møtestad. Å felle biblioteket før eit avklart alternativ er på plass vil likevel skape uvisse i bydelen og etterlate mange innbyggjarar utan eit nært og gratis kunnskapstilbod.
Lokalbefolkinga har kjempa for å behalde biblioteket i både 2015 og 2018, men lite har blitt gjort frå politisk side for å faktisk oppgradere tilbodet. Trass det politiske vedtaket frå eit samla bystyre i 2018 om å etablere eit oppgradert bydelsbibliotek på Sletten, er problemet utsatt i staden for å gjere endringar som kan føre til eit aktivt folkebibliotek for framtida. I 2024 blei eit innbyggjarforslag om å etablere bydelsbibliotek i Bunnpris-bygget på Sletten avslått av bystyret.
Den mest ansvarlege politiske løysinga er å sikre eit opent Landås bibliotek til eit eventuelt alternativ er på plass. På den måten kan bydelen fortsetje å ha ein historisk, inkluderande og framtidsretta kultur‑ og læringsarena for generasjonar framover.
Signér for å støtte oppropet om du meiner det same.
Mvh,
Nabolagskomiteen for Landås bibliotek
35 kommentarer:
Janne Helen Leknessund
Tom Tønjum Skagen
Hilde Kjøstvedt
Daniil Butenko
Abdullahi Ibrahim
Seppo Vinsrygg
Tor Steffen Espedal
Bjarne Skintveit
Iselin Åsedotter Strønen
Silje Stavrum Norevik
Margje Post
Tom Haugan
Thor Thorsen
Inge Risheim
Inge Risheim
Inge Risheim
Vera Rostin Wexelsen
Heritier Kis
Oda Kristine Westad
Tove Gulbrandsen
Ingrid Kristiane Fardal
Karin Stautland
Aina Kristin Thunestvedt
Maria Drivenes
Maria Drivenes
Nina Sandsbakk
Kjersti Sletteland
Torunn Ebbesvik
Sigrid Monsen Alvestad
Cecilie Lexau
Peter Forrás
Gry Bang-Andersen
Olaug Nilssen
Henning Bergsvåg
Laila Melkevoll
Janne Helen Leknessund