DESENTRALISERT HELSE OG OMSORGSTENESTE I STAD.
Stad, Vestland
Opprettet: 27.04.2026 av Anders Lien
Sluttdato for signering: 27.10.2026
NEI TIL SENTRALISERING – JA TIL LEVANDE BYGDER MED TRYGGE OG LIKEVERDIGE HELSETILBOD!
Utan politisk klarering, og utan involvering frå dei som vert råka, brukarar, pårørande og lokalsamfunn, arbeider administrasjonen i Stad etter ei plan som vil halvere institusjonsplassane på Seljetunet og definere dei om til HDO-plassar. Dei mest krevjande pasientane skal til Hogatunet, medan Seljetunet i større grad skal ta imot pasientar med kortvarige og mindre omfattande behov.
Vi har sett liknande prosessar før i Stad kommune. Det førte til nedlegging av eldrebustadane på Flatraket og Bryggja omsorgssenter. Begge uforståelege vedtak i ein situasjon der behovet for slike tilbod aukar. Dokumentasjon på oppnådde føredelar har kommunen aldri presentert.
Dette finn vi oss ikkje i lenger. Difor krev vi at det snarast vert lagt fram ei sak for politisk handsaming i Stad formannskap/kommunestyret som omhandlar framtidig organisering av helse og omsorgstenesta i kommunen, med utgangspunkt i eksisterande bygningsmasse, og som ivareteke:
1. Desentraliserte, fullgode helse- og omsorgstilbod på Flatraket, Leikanger, Bryggja og Selje.
2. Opprettheld noverande/auka institusjonsplassar ved Seljetunet.
3. At opne, inkluderande prosessar med reell innbyggarmedverknad vert gjennomførte før vedtak.
Støtt oppropet — vi treng minst 2 % eller 300 underskrifter for politisk handsaming.
Signeringa er anonym for ålmenta.
Frist for signering 03.05.26
10 kommentarer:
Solfrid Honningsvåg
Anne Honningsvåg Andresen
Torkjell Djupedal
Silje Naustdal
Silje Naustdal
Reidulf Vik
Bertus Ulken
Bertus Ulken
Anders Lien
Anders Lien
Solfrid Honningsvåg