1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Si ja til kvalitet i barnehagane i Kvam!

    Kvam, Vestland
    Si ja til kvalitet i barnehagane i Kvam!
    Oppretta: 11.04.2014 av Heidi E. Ørjansen
    Sluttdato for signering: 11.06.2014
    Vår oppfording til de som innbyggjarar er å stemme for at vår kommune skal ha det beste barnehagetilbodet i Hardanger! Kvifor kan vi ikkje vere best? Barnehageplanen til kvam herad slår fast at barnehagar med inntil 60 born er å anbefale. Forsking slår fast at det er dei mellomstore barnehagane som gir borna våre den beste kvaliteten. I dei mellomstore kombinerar ein god pedagogisk kvalitet med gode rutinar og kjend organisering, noko som skapar tillitt og forutsigbarheit. Kjære Heradsstyre: La Kvam vere ein kommune som vel å satse på barn! La Kvam vere ein kommune som har full barnehagedekning! La foreldra i Kvam få lov til å vere trygge på at borna får den kvaliteten dei fortener! La foreldra i Kvam få moglegheita til å velje kva dei meiner er best for sine born! La barna våre få oppleve tryggleik, nærheit til natur og ein spennande barnehagekvardag! La Kvam vere ein kommune som tek vare på barnehagane i heile kommunen! La Kvam vere ein kommune som ikkje berre tenkjer økonomi når det kjem til barna våre! La Norheimsund og Øystese få behalda mellomstore barnehagar! La Kvam vere ein kommune som ønskjer barnefamiliar velkomne til noko anna enn det dei finn i storbyar! Vi ønskjer oss ein kommune vi kan vere stolte av, skryte av og som ønskjer det beste for våre barn. KJÆRE HERADSSTYRE: GJE OSS EIN SLIK BUKOMMUNE! GJE OSS GNIST OG OPTIMISME OG IKKJE FRUSTRASJON OG RESIGNASJON! GJER KVAM BETRE FOR VÅRE BARN!
    172 av 171 underskrifter
    Sjå underskrifter Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
    Denne saka er avslutta. Kommentarfeltet er derfor stengd for nye kommentarar.

    Ein kommentar:

    Lisa-Marie Rouse

    Tysdag 15.04.2014
    Flott skrevet Heidi :)