1 Grei ut om saka di
2 Samle underskrifter
3 Få saka vurdert

    Tufteparken til Ørsta

    Ørsta, Møre og Romsdal
    Tufteparken til Ørsta
    Oppretta: 03.09.2015 av Jeanett Nekkøy
    Sluttdato for signering: 31.10.2015
    Eg føreslår at det byggjast ein Tufteparken i Ørsta sentrum, td. i tilknytning til stadion eller hamneparken slik at den ligg sentralt til. Dette gjer at også skulane kan nytte parken i gymtimar. Tufteparken vil vere eit flott tilbod for folk i alle aldrar, men spesielt vil det vere eit godt tilbod til ungdom som ikkje er med i den organiserte idretten. I Tufteparken kan dei vere aktive og finne ein sosial arena å møtast på som er prega av meistring og fysisk aktivitet. Tufteparken består av 10 ulike apparat i form av enkle metallkonstruksjonar som er vedlikehaldsfrie. Apparata har ingen lause eller bevegelege deler og kjem med TUV-godkjenning ihht europeisk standard. Parken kjem med skilt som viser øvingar ein kan gjere på dei ulike apparata som er tilpassa både nybyrjarar og vidarekomne. På dei ulike apparata i parken får ein trent heile kroppen med si eiga kroppsvekt. Det er ei naturleg, sunn og skadeførebyggjande treningsform som kan sjåast i eit folkehelseperspektiv sidan parken vil vere eit lågterskeltilbod som er gratis for alle å benytte. Apparata er konstruerte slik at dei kan nyttast av både erfarne og uerfarne, uavhengig av alder, høgd, treningsbakgrunn og fysiske føresetnader. Tufteparken er ein utandørs treningspark, eit konsept som vart starta av Lasse Tufte i 2011. Hittil er det oppført 48 slike parkar i Noreg, mellom anna i Ålesund. Ein slik park er godkjend som nærmiljøanlegg og er dermed spelemiddelberettiga - noko som kan hjelpe med finansieringa ved etableringa av ein slik park. Sjå www.tufteparken.no for meir informasjon om Tufteparken.
    69 av 220 underskrifter
    Sjå underskrifter Denne saka er lukka og kan ikkje skrivast under på lenger
    Denne saka er avslutta. Kommentarfeltet er derfor stengd for nye kommentarar.

    Ein kommentar:

    Jeanett Nekkøy

    Fredag 04.09.2015
    Del gjerne saka slik at kravet om 209 signaturar vert nådd! :-)