1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Breiband i heile kommunen

    Aurland, Vestland
    Breiband i heile kommunen
    Opprettet: 05.11.2015 av Magne Forberg
    Sluttdato for signering: 21.12.2015
    Breiband i heile kommunen. Eit viktig bidrag til folkevekst er gode kommunikasjonar og fasilitetar som dei fleste i landet har i dag. Slik er det diverre ikkje i Aurland alltid. Aurland kommune er ei sinke i utbygginga av breibandsløysingar til ibuarane, er min påstand. Rett nok er det under utbygging breiband i delar av kommunen. Diverre er det slik at bustadadresse avgjer om du har tilbodet eller ikkje. Døme: På Loven fekk dei breiband utbygt for ca 1 1/2 år sida. Medan dei som bur på strekninga frå Terum og nedover mot sentrum ikkje får tilbodet. Andre døme kunne og ha vore trekt fram. Kommunen har følgjande slagord: " Det naturlege valet" Slagordet har store forventningar i seg. Kvifor prøver ikkje våre styrande leve opp til dette. Kvifor får ikkje alle ibuarane like tilbod og mulegheiter, spør eg meg. Den teknologiske utviklinga går snøgt, og breiband i distrikts-norge har vore ei fanesak for mange fylkes- og kommunepolitikarar i mange år. Me skriv snart 2016, og Aurland kommune har enno ikkje makta å få det på plass i heile kommunen. For dårleg spør du meg.
    19 av 36 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    Én kommentar:

    Magne Forberg

    Søndag 24.01.2016
    Dette er ei særs viktigt infrastrukturtiltak skal den spreidde busetnaden i kommunen oppretthaldast. Vil ikkje våre folkevald prioritere opp denne saka er det eit klart signal om at dei fleste av oss må nærare Aurlandssvangen eller Fretheim/Flåm om me skal få oppleve dette tilbodet. Det er på tide å vakna gode plitikarar, toget forlet perrongen, skal me stå att eller får me bli med.