1 Beskriv din sak
2 Samle underskrifter
3 Få saken vurdert

    Krav om Folkerøysting om kommunesamanslåing!

    Øygarden, Vestland
    Krav om Folkerøysting om kommunesamanslåing!
    Opprettet: 19.02.2016 av Aud Karin Oen
    Sluttdato for signering: 31.03.2016
    KRAV OM FOLKERRØYSTING OM KOMMUNESAMANSLÅING ! Til: Øygarden kommune vedkomande kommunesamanslåing Dei fleste partia i kommunestyret lova folkerøysting i valkampen. Forhandlingsutvalet som består av formannskapet (TVØ , H, FrP og Ap) går no ikkje inn for folkerøysting. I juni 2016 skal kommunestyret ta stilling til om vi skal forsetja å vera eigen kommune, eller verta samanslegne med Sund og Fjell. Vi vil med dette nytta vår rett til innbyggerinitiativ etter kommunelova § 39, og krev at kommunestyret gjer vedtak om at eit forslag om ei kommunesamanslåing som omfatter Øygarden, skal leggjast ut til folkerøysting. Vi krev at innbyggjarane får mulegheit til direkte å visa politisk meining i denne viktige saka som engasjerer mange. På samme måte krev vi at den vidare prosessen ikke berre må greia ut kommune- samanslåing, men også at ein greier ut konsekvensane av å behalda Øygarden som eigen kommune. Dette innebær ei likeverdig handsaming av eksisterande og nye kommunar, med ein likeverdig bruk av dei kriteria som skal gjelda for å vurdera ein evt. storkommune. Berre med eit slikt 0-alternativ vil innbyggjarane få eit rimeleg utgangspunkt for ein opplyst debatt i denne samanhengen.
    145 av 300 underskrifter
    Se underskrifter Denne saken er lukket og kan ikke skrives under på lenger
    Denne saken er avsluttet. Kommentarfeltet er derfor stengt for nye kommentarer.

    2 kommentarer:

    Bjarne Karsten

    Lørdag 20.02.2016
    Tviler sterkt på at Øygarden kommune vil gjennomføre noen folkeavstemming. Politikerne har vert på foredrag hos noen tallknusere som har gitt de "stjerner i øynene" om hvor flott det skal bli, og man kan da ikke forvente at noen "dumme" innbyggere skal få ødelegge deres flotte opplegg. Husk no på at de færreste politikere har noen innteresse utover egen innteresse, og utover det flotte de ser i speilet hver dag...

    Aud Karin Oen

    Fredag 19.02.2016
    KrF er sjølvsagt med i formannskapet og. Dei datt ut. Det går ikkje å retta i ettertid.